Performing Arts
Dette er linja for deg som vil utvikle deg som scenekunstnar gjennom song, dans, skodespel og produksjonar. Midt i det rike kulturlivet på Nordfjordeid.
Eit år på scena
På Performing Arts får du bruke eit heilt år på det du likar aller best! Her jobbar vi med song, dans, skodespel og sceniske produksjonar. Du får utvikle teknikken din, finne ditt eige uttrykk og bli tryggare på scena.
Du møter engasjerte og fagleg sterke lærarar med erfaring frå scenekunstfeltet. Undervisninga blir tilpassa nivået ditt, og du får tett individuell oppfølging gjennom året. Her er det plass til både deg som har mykje erfaring, og deg som vil prøve noko nytt.
På Nordfjordeid har vi eit rikt kulturliv rett utanfor døra. Her finn du Operahuset Nordfjord, som er eitt av tre operahus i Noreg. Gjennom dette samarbeidet får vi tilgang til Gymmen Scene og Studio, og vi kan bruke den store scena i Operahuset.
Her får du både oppleve profesjonell scenekunst og sjølv vere med på å skape noko!
Dit is wat je kunt doen:
🎤 Stå på scena
Vi lagar små og store produksjonar gjennom året, frå musikalnummer til eigne førestillingar.
🎭 Song, dans og skodespel
Du får utvikle teknikk, kreativitet og ditt eige uttrykk gjennom variert undervisning og praktisk arbeid.
🚆 Interrail i Europa
Reis på interrail, delta på workshops og opplev profesjonelle førestillingar, og bli kjend med ulike scenekunstmiljø i Europa.
🎟️ Kulturliv rett utanfor døra
Opplev konsertar, musikalar, teater, opera og festivalar (som Malakoff) i det levande kulturmiljøet på Nordfjordeid.
🎪 Samarbeid med Movement X Modern Circus
Utforsk nye sceniske uttrykk og ferdigheiter gjennom spennande prosjekt på tvers av linjene.
🌟 Lær av profesjonelle
Møt profesjonelle aktørar gjennom workshops kvart semester og få innblikk i korleis scenekunstbransjen fungerer.
What you will learn
Dette er året der du skal få utfordre deg sjølv, prøve nye uttrykk og bygge erfaring på scena. Målet er at du skal bli tryggare, friare og meir bevisst på kven du er som utøvar. Du får jobbe med:
Song: Utvikle songteknikk, stemmebruk og formidling. Det blir individuelle songtimar og ensemblesong.
Dans: Utforske ulike dansestilar som jazz, klassisk ballett, moderne- og samtidsdans, samt koreografi og improvisasjon.
Skodespel: Jobbe med karakterarbeid, stemmebruk, innleving og skodespelarteknikk.
Produksjon: Få praktisk erfaring både på og bak scena gjennom eigne produksjonar.
Samarbeid: Utvikle ditt eige uttrykk og lære å skape noko saman med andre.
Drøymer du om å studere musikal eller scenekunst vidare? Eller kanskje vil du berre bruke eit år på noko du verkeleg brenn for? Uansett får du erfaringar, vennskap og opplevingar du kan ta med deg vidare. Det blir også kjekke fellesturar til skjulte perler i området!
Voor wie is deze lijn geschikt?
Linja passar for deg som likar song, dans, teater eller musikal. Du treng ikkje å ha erfaring frå alle fagområda. Det viktigaste er at du er motivert, nysgjerrig og har lyst til å lære.
What we expect from you
Du møter opp med ei positiv innstilling og er klar for å lære.
Du er engasjert, tek ansvar og legg inn ein innsats.
Du vågar å utfordre deg sjølv og prøve nye ting.
Du likar å samarbeide og bidreg til eit godt fellesskap.
Sjekk ut @performingartsfjordanefhs på Instagram!
Rondleidingen en ervaringen waaraan je kunt deelnemen
Møt Eline
Lærar | Performing Arts
Eline brenn for scenekunst og korleis song, dans og teater kan skape glede, engasjement og nye perspektiv. Ho trivst både på og bak scena, og har erfaring som musikalartist, regissør, koreograf og produsent. Når ho ikkje jobbar med scenekunst, likar ho å vere aktiv ute i naturen og bruke tid saman med vener og familie.
Eline har ein bachelorgrad i Performing Arts og ein mastergrad i drama og teater, og studerer no praktisk-pedagogisk utdanning i scenekunst. Ho er aktiv som frilans scenekunstnar og har mellom anna hatt regi og koreografi på musikalen Shrek i Olavshallen. Ho er også ein del av LÆTT Teater, som utviklar og set opp eigne framsyningar. For tida er ho kunstnarisk ansvarleg for framsyninga Jula blir til, og på nyåret skal ho vidare som regissør og koreograf for Elskhug og Eksis.
Maak kennis met Ida
Voor Ida was de overgang naar het hoger onderwijs een uitdaging. Ze besloot daarom een jaar naar een volkshogeschool te gaan, een keuze waar ze geen spijt van heeft.
– Ik blijf met de gedachte zitten dat de volkshogeschool het beste geld is dat ik ooit zal uitgeven. Ik ben als persoon gegroeid, heb mijn motivatie teruggevonden, nieuwe mensen ontmoet, nieuwe dingen geprobeerd en even rust gehad van de druk van schoolcijfers, zegt Ida.
Ida | Student 2023-2025
Een beetje over Life at Fjordane
Hoe kunt u zich aanmelden?
1. Vul het aanvraagformulier in.
Het is volledig vrijblijvend en niet ingewikkeld. We willen graag iets meer weten over wie je bent, je interesses en waarom je bij ons wilt studeren.
2. Uw aanvraag wordt verwerkt.
Allereerst ontvangt u een bevestiging dat we uw aanvraag hebben ontvangen. Na 15 november is de toelatingsprocedure nog steeds gaande en ontvangt u zo snel mogelijk een mogelijke toelatingsaanbieding.
3. Beantwoord de vraag met ja of nee.
Je hebt 10 dagen de tijd om te antwoorden of je een plaats aangeboden hebt gekregen (ja/nee). Als je ja zegt, moet je een inschrijfgeld van NOK 2.900 betalen.
Wat zeggen onze leerlingen?


